Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

To soger – to songarar | Margit Myhr – «Stilt trør kvinner i sørgedans» | Huskort el. enkeltbillett

27. oktober 2019 kl 11:30

kr 220

Stilt trør kvinner i sørgedans er ei forestilling av og med Margit Myhr, om tre kvinner frå tre ulike hundreår og forteljingane om deira liv og lagnad. Ei dotter som vert steng inne på stabburet for å skjermast mot svartedauden; ei kvinne som vert dømd til døden for å ha teke livet av sitt nyfødde barn; ei ung kvinne som reiser til Amerika for å vera med mannen ho elskar.

Dette er historier om kvinner som stod åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

Førestillinga er produsert av Riksscenen
Regi: Leif Stinnerbom
Manus: Eldgrim Springgard

Merk: På Ticketco kan du kan kjøpe huskort som gjeld begge dei to soloførestillingane «Stilt trør kvinner i sørgedans» og «Tre vakre vener» for kr. 350-

Detaljar:

Dato
27. oktober 2019
Tid:
11:30
Billettpris:
kr 220
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart