OSAFESTIVALEN TAKKAR  ALLE ARTISTAR, SPONSORAR, SAMARBEIDSPARTNARAR, MEDARBEIDARAR OG PUBLIKUM FOR EIN STRÅLANDE FESTIVAL!

SJÅAST PÅ NESTE ÅRS FESTIVAL 25. - 28. OKTOBER 2012!






Gjertruds sigøynermoro

Full Osasal på festivalen sin siste konsert, og det er ikkje så rart når det er Gjertruds Sigøynerorkester som står på plakaten. Dei kom akkompagnert av Nils Henrik Asheim som utfyller orkesteret slik han gjorde på den Spellemannsvinnande utgjevinga "Mazurka - Remaking Chopin". Repertoaret spenner frå dei varaste, fine melodiane til hurlumheiande, fartsfylte nummer. Gjertrud Økland trakterer fiolin og fele med innleving og varme, noko publikum fekk nyta godt av. Som eit siste kuriosa for i år: Ole Bull og Frederic Chopin var begge fødd i 1810 og begge flytta til Paris som 21-åringar! Dette kunne avtroppande OBA-rektor Gunnar Stubshaug informera om. Og dermed var Osafestivalen over for denne gong! Vel blåst!


Familiekonsert i Osasalen

Krudlalaget frå Sogn og Småkvedarane frå Voss hadde gått saman og førebudd ei rekkje kjende songtradisjonar frå Sogn og Voss som dei sundag føremiddag framførde for ein stappfull Osasal. Born og vaksne i alle aldrar var samla for å høyre desse søte små, leia av Judith Vestreim og Ellen Marie Selland. Med seg hadde dei Tom Karlsrud på trekkspel og Håkon Høgemo på hardingfele. Borna kom utkledd som brur, brudgom og med eit følgje av dyrevener, og det var ingen tvil om at dei storkosa seg på scena. 


Høgtidsstund i Nain

Dei mange som fann vegen til Nain sundag fekk med seg ei skikkeleg høgtidsstund. Oslo Kammerkor var spreidd rundt i lokalet og kom såleis tett på publikum, bokstaveleg tala. Og dirigenten hadde ei særs sentral rolle, igjen bokstaveleg tala. Berit Opheim Versto leverte som vanleg varene og vel så det.Det er ei glede å få servert så klippestødige vokalprestasjonar. Det religiøse motivet stod sterkt, men det blei også plass til eit par meir lettliva stykke, som hallingen etter Anna Skeie. Mykje takhøgde i Nain - bokstaveleg tala!


Småvilt på Ole Bull Akademiet

Etter flust av flotte konsertar var det endeleg klar for den store dansefesten! Golvet både i Osasalen og i Dansestova var fylt til randen av store og små - ein måtte på eit tidspunkt slutta å sleppa inn folk. Dyktige spelemenn og spelekvinner sytte for at ein kunne sleppa springaren, polsen, rullen og valsen laus gong på gong. Småviltlaget, Audhilds og Voss Spelemannslag skifta på den takksame jobben å forsyna folk med dansemusikk. I tillegg var puben fylt av speleglade studentar som ikkje hadde tenkt å ta kveld. Og med så mykje bra folk og bra musikk, kven vil vel ta kvelden?


Norges Musikkhøgskole godt representert!

Over festivalen har NMH-studentane dukka opp på ymse plassar: Voss Sparebank, Tre Brør Café, Spelemannstovo og Banksmidja. Lovnaden om ung, ekte speleglede har vorte innfridd alle desse gongene - blandinga entusiasme og talent  har vore ein skikkeleg publikumsvinnar! Både vokalensemble, solistar, felespelargrupper,trekkspelemenn og tablaspelekvinner (!) har bidrege til å nok ein gong få bevist at folkemusikkmiljøet er ungt og vitalt og i trygge hender framover. Det er vanskeleg å sjå for seg at ikkje mange av desse kjem til å vitja Osafestivalen att - då som betalte, profesjonelle utøvarar!



I spinn over Spindel

Folk måtte finna seg i å stå under kveldens konsert med Spindel i Osasalen. Fyreblåsar Jostein Gundersen innleidde med ei lita innføring i blokkfløytespeling på detaljnivå til stor muntrasjon i salen, inkludert ein gapskrattande Leif Rygg på fyrste rad. Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken kom på scena til eit meir enn klart publikum som fekk servert flott arrangerte slåttar og eigenkomponerte stykke. Det vart også tid til litt mimring om når dei to gjekk på Ole Bull Akademiet, den eine songen vart til og med uroppført i Osasalen for mange år sidan, så mange at Moldestad ikkje ville spekulera i kor den tida vart av. Ein ting er sikkert: tida har vorte bra utnytta til å skapa herleg musikk, det vil nok dei mange oppmøtte vera einige i!


Mektig tingingsverk

Eit av de i absolutte høgdepunkta under Osafestivalen er alltid tingingsverket og i år var ikkje noko unntak. Ein kunne stilla seg høge forventningar til Frode Fjellheim og kunne gå heim med kjensla av å ha fått dei innfridde! Det var som å ha vore på ei slags høgmesse der musikken stod i sentrum. Musikken hadde naturlegvis sterkt nordnorsk preg framheva av joiken som både Fjellheim sjølv og Ulla Pirttijärvi stod for. Berit Opheim Versto bar den vokale delen med glans saman med koret. Trompetist og bukkehornist Hildegunn Øiseth gav det allereie høgtidlege preget endå meir kraft. Det er ikkje umogleg at taket på Nain vart heva nokre ekstra centimeter etter årets tingingsverk!



Intimkonsert i Sæveli

Det var eit fint og intimt møte med spelemannen Knut Hamre i den stappfulle Sæveli-stova Laurdag føremiddag. Han fortalde historiar om sine tidlegare læremeistrar som Lars Skjervheim og Sigbjørn Bernhoft Osa, som begge har vore til inspirasjon for han sjølv som læremeister. Hamre framførte slåttar av m.a. Bjarne Herrefoss, Lars Røynstrand, Halldor Meland, Lars Skjervheim og Sigbjørn B. Osa og ein av publikumsfavorittane ”Førnesbrunen”. Dei mange frammøtte kjenner nok godt til Hamre og dagens konsert føyer seg inn som nok ein heilstøypt prestasjon av ein stor spelemann. På facebook hadde nokon i etterkant av konserten skrive ”Knut for president”!!



Hjerte-smerte i Vangskyrkja


Tidlegmusikken står høgt i kurs på Osafestivalen, og laurdag fekk publikum møta eit stjernelag med Currentes og Alexandra Opsahl. Jostein Gundersen leia ensemblet og fortalde om "Dialogo della Musica", eit program med veneziansk musikk frå fyrste del av 1500-talet. Dei frammøtte fekk mellom anna høyra om all hjartesorga som ligg i tekstane, og sidan det er mykje tekst på italiensk var dette eit fint supplement til musikken i seg sjølv. Mykje hjartesorg og molltonar, men også lette, fine sekvensar med fløyte, viola da gamla, cembalo og orge og ikkje minst flott vokalprestasjon av Elisabeth Holmertz. Verket "O felici occhi miei" blei spelt i heile fem ulike versjonar, så her fekk ein mykje hjerte-smerte for pengane!


Langt frå stusseleg laurdag


Ein heil konsert vigd til Ole Bull sine favorittlåtar + ein stk virtuos felespelar +  ein stk fabelaktig tangent-traktør = suksess i Osasalen! Nils Økland og Sigbjørn Apeland er så samspelte at det er ein fryd. Dei opna med ein variasjon over "Stusle Sundagskvelden". Dette er også fyrste song på plata "Hommage à Ole Bull" som kom ut i år. Her finn ein både kjente og mindre kjente verk, og det same vart ein presentert for under konserten. Økland fortalde at Bull sjølv likte å jamme over tema, og Apeland la til at sjølv om Grieg nok var meir avansert i måten å arrangera folketonar, så hadde Bull ein utruleg teft for melodiar. Og med dette som grunnlag blir resultatet akkurat så feiande flott som det publikum fekk gleda av å høyra i Osasalen!


Folkemusikkens boyband

Det vart opptaktar til Beatles-stemning då Sver drog i gang hit´ane sine i Fraktgodsen fredag kveld. Det er ikkje lett å sitja stille når karane dreg på med låtar som "Pang" og "Bulldoser", så stolrekkjene fremst blei renska for å gjera plass til hoppande, dansande jenter og etterkvart eit par gutar %F2g. Dei spela som vanleg fletta av publikum, men denne gongen blei det %F2g tid til eit roleg parti: gitarist Vidar Berge spela sin siste konsert saman med Sver på årets Osafestival og framførte "Nattsvermaren" til eit lydhøyrt publikum. Elles gjekk det i hundre over stort sett heile linja, til begeistring for alle frammøtte!


Levande!
Voss og Osafestivalen er ein av dei få heldige til å ha fått svenske Sofia Karlsson med om bord i samband med hennar siste utgjeving, Levande. Karlsson m/band entra scena i ein fullsett Fraktgodsen fredag kveld og det til publikums store begeistring. Ho leverte ein mengde vakre tradisjonelle og sjølvskrivne viser, og kombinasjonen av dei to kvinnelege vokalistane resulterte i jubel og ståande applaus. Med ein gjesteopptreden frå Anders Hall og Olav L. Mjelva frå Sver var det ikkje noko å sei på stemninga i salen. Den svært profilerte artisten har fått stor merksemd for sine mange spennande prosjekt, mellom anna Grammis for kvar einaste utgjeving til no.



 

KuriOsa er årets tema!

Osafestivalen vil overraske! Vi vil at du skal høyre det uhøyrde. Få bakoversveis når du blir vár lydar du ikkje er førebudd på. Undre deg over instrument som du berre har hatt vage førestillingar om. Vi trur du vil bli fasinert, ikkje over trivielle kuriosa, men over noko inspirert av Sigbjørn B. Osa: KuriOsa. Og nytt av året: eigne fyreblåsarar til eit stort utval av konsertane!



Osafestivalen har som profil å vere ein møtestad for klassisk musikk (med vekt på tidlegmusikk), folkemusikk og andre genrar.


Osafestivalen vil gjennom kurs, seminar og konsertar:
- presentere autentisk tradisjonsmusikk frå ulike kulturar, med stor vekt på norsk repertoar.
- vise dei gode og utfordrande eksperimenta, m.a. ved å presentere musikk der etablerte skilje mellom "komponert kunstmusikk", " improvisert musikk" og "tradisjonsmusikk" blir utfordra.

- vere ein arena for møte mellom utøvarar frå ulike genrar, tradisjonar og kulturar for å gje rom for interessante musikalske møte.

 

Osafestivalen vart første gong arrangert i 1992.




Vekselbanken Avisa Hordaland IHM - Indre Hordaland Miljøverk Voss Sparebank Voss Energi
Høgtidsstund i Nain
Småvilt på Ole Bull Akademiet
Norges Musikkhøgskole godt representert!
I spinn over Spindel
Mektig tingingsverk
Intimkonsert i Sæveli
Hjerte-smerte i Vangskyrkja
Langt frå stusseleg laurdag
Folkemusikkens boyband
Levande!
Ikkje berre trad frå trad-studentane
Friske ungosingar
Jon Fosse som folkedansteater
Spelekvinnene inntek Osafestivalen
Lindemansprisen til Nils Henrik Asheim